Utvikling og drift av kommunal eigedom

Fagleg tyngde og fokus på samspel

Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune. Selskapet driv ikkje kommersiell verksemd.

 

BKE eig og forvaltar 155 kommunale utleigebustadar, næringseiendom og tomtar til ein verdi av 197 mill. kroner.

 

Hovudføremålet til BKE er å leige ut kommunale utleigebustadar samt trygde- og omsorgsbustadar til brukarar som Bømlo kommune har eit spesielt ansvar for, som har vanskar med å skaffe seg bustad i den private marknaden eller har behov for trygde- eller omsorgsbustad.

  

BKE kan også bygge ut, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar som skal nyttast til kommunale føremål.

 

BKE utfører i tillegg prosjektering og byggeleiing for kommunen ved behov.