Energitiltak - store utvendige utbetringar på 27 kommunale bustadar- og omsorgsbustadar - 50 % finansiering frå Husbanken

 

 

 

 Bustadar frå -70 og -80 talet får nye fasadar, kledinig, etterisolering, tak, vinduager og dører

 

juni 2024 lanserte Husbanken eit nytt tiltak for finansiering av energitiltak. Då vart det opna for at kommunar kunne søke om støtte til energitiltak i kommunalt eigde bustadar. Energitiltaka gjeld i stor grad det same som vart gjort på bustadane på Leite, etterisolering, skifte av kledning, skifte tak og skifte dører og vindauge.

 

Og BKE/kommunen har så langt søkt om å få tilskot til energioppgradering for 27 bueiningar/leilegheiter og fått positivt svar. Mange av prosjekta er allereie fullførte.

 

Husbanken gjev tilskot som dekker 50 % av kostnadane.  BKE må dekke 50 % av kostnaden og dette vert  finansiert av lånereserven BKE har i KLP banken. Dette bidrar til at bustadane vert oppgraderte for halve kostnaden. 

 

Dette er eit fantastisk godt tiltak som gjer oss i stand til å fornye deler av bustadmassen utvendig. Bustadane får ein heilt annan standard enn før og blir meir miljøvennlege og energieffektive. Mykje av det utvendige vedlikehaldsetterslep vert tatt og BKE sparar årlege vedlikehaldskostnader framover.

 

For leigetakarar er det svært positivt at straumrekningane vert betydeleg redusert, og ikkje minst gleda av å bu i ein bustad som framstår som ny samanlikna med tidlegare, og som fremmar trivsel og motiverer til å ta betre vare på bustaden.

 

Nokre av energiprosjekta starta opp i 2024 og vart ferdigstilt i 2025 og nokre er framleis under arbeid, eller ikkje påbegynt. Her er nokre eksempel:

 

 

 

Gå tilbake