Driftsmedarbeidar – bygg og eigedom
FAST 100 % STILLING | BØMLO KOMMUNALE EIGEDOMSSELSKAP AS
Om BKE
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune. BKE eig og forvaltar 156 kommunale utleigebustader, næringseigedom og tomter, med ein samla verdi på om lag 219 mill. kroner.
Hovudoppgåva til BKE er å tilby kommunale utleigebustader, trygde- og omsorgsbustader til personar som har behov for bistand på bustadmarknaden. Utleiga skjer i samarbeid med Bømlo kommune. Selskapet kan også utvikle, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar til kommunale føremål. BKE er ein liten organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid. Me held til i Hollundsdalen på Bømlo.
Om stillinga
Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald.
Me ser etter deg som trivst med ein variert arbeidskvardag, likar å arbeide praktisk og tek ansvar for at bygg og eigedomar blir godt tekne vare på.
Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar
- Måling, overflatebehandling og anna innvendig og utvendig vedlikehald
- Plenklipping, stell av grøntområde og anna vedlikehald av uteareal
- Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg
- Registrering og oppfølging av feil og vedlikehaldsbehov i BKE sitt FDV system
- Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar
- Ved behov praktisk oppfølging av handverkarar og eksterne tenesteleverandørar
- Bestilling av materiell og mindre arbeid innanfor avtalte rammer
- Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg
Andre praktiske oppgåver knytt til drift og vedlikehald må også påreknast.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid.
Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl. B.
Me ønskjer at du:
- Er praktisk anlagt, sjølvstendig og løysingsorientert
- Har relevant erfaring frå dei aktuelle arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga
- Ser kva som må gjerast, og tek initiativ
- Er fleksibel, ryddig og påliteleg
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
- Kan bruke vanlege digitale arbeidsverktøy
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr
- Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald
- Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid
- God opplæring og støtte frå kollegaer
- Løn og arbeidsvilkår etter avtale
Som medarbeidar i BKE blir du del av ein liten organisasjon der alle bidreg og samarbeider på tvers av arbeidsområde når det er behov for det.
Praktisk informasjon
Stilling: Fast 100 %
Oppstart: Februar/mars, eller etter nærare avtale
Arbeidsstad: Hollundsdalen, Bømlo
Løn og arbeidsvilkår: Etter avtale
Søknadsfrist: 25. november
Søknad med CV og attestar kan sendast til iuh@bke.no, eller pr. post til BKE AS, Postboks 106, 5445 Bremnes
Kontakt: Dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker om du har spørsmål om stillinga
Telefon: 90869444
E-post: iuh@bke.no